onsdag 7. desember 2016

Korv til jul 😊💪

I dag har eg laga korv. Fyste gong eg har gjort da. Fant besto si oppskrift. Blir ikkje siste gong eg gjer detta nei. Blei til slutt 27 ringer.  Kan vel sei meg stor fornøyd med da. Får berre håpa at pølsene fell i smak hos den eldre garde og resten av familien. Legg sjølvsagt med nokre bilde 😊 No skal dei henga og bli skinntørre før da blir røyking. 😊



Blei 11 kg med farse te slutt.


Godt og riktig verktøy gjer jobben lett og kjekt 

Ganske fornøyd med resultatet




Har og laga leverpostei denne veka. Det er og etter ei gammal oppskrift frå "gamle Tina" altså tanta til bestefar min, men eg har modifisert den litt med bacon og litt anna krydder enn ka ho brukte. Men eg laga 5 former med orginal leverpostei og 4 former med baconpostei.  Leverposteien blei ivertfall godkjent av minste tantebarn mitt på snart eit år 🖒🖒



Ferdige resultatet 😊




lørdag 3. desember 2016

Røyking av rodlepylse 🖒

I dag var det tid for røyking igjen. Fyrte opp i røykeriet mitt når eg kom heim frå nattevakt. Er so heldig å har ein far som passer på røykingen for meg mens eg får sova ❤❤





              Då var dei klare te røyking 😊

Blei hengende i 13 timar i ein røyk av or og einer. So i morgo skal dei kokast og leggast i press 😊😊


torsdag 1. desember 2016

Tiden går fort.

Døgnet har ikkje nok timar.  Synest denna dagen har føke avgårde. Fyst var det møte på jobb so heim og hyva i seg noe middag. Og so måtte eg sy rodlepylse. Blei 12 stk i dag so no skal eg no ha ei stund 😂
Masse svangar 😊 Blei ein del avskjær på desse då det var ein god del eitlar på dei. 


So var det over te neste prosjekt og det var å beine ut 16 kilo med ribba 


  
Så skulle kvar og ein gnis inn med sukker 


Før dei blei lagt på salt og skal stå nokke døgn. 


So no er det berre å vente te da begynne å verta ferdig salta. Rodlepylsene skal berre ligga 1 døgn då dei ikkje er so store. Gløymte jo selfølgelig å ta bilde av dei når eg va ferdig med å sy. So må eg få røykt dei i helga. Var på besøk te ei venninna av meg i kveld og ho fekk smaks prøve av heime røyka ørret og heimelaga rodlepylsa. So no har ho lagt inn bestilling på røkt ørret 😊 Synest det er kjekt at det fell i smak og at det er godt. Er jo ein heilt ny hobby detta, men ser da no at det er noko som eg kjem te å driva litt med framøve 😊😊


Dagen i dag har gått med til å gjera masse praktiske ting. Først blei det fyrt i røykehuset og så måtte eg på butikken og handle inn til kake. Heim igjen og laga blåbær suksess til møte på jobben i morgo.  So var eg avgårde og handla ribbe som eg skal lage bacon av. Var ein tur på smalahove tunet  og kjøpte svangar og. Må sy meir rudlepylse, har berre to igjen og det held ikkje te jol. No er det snart trening og spinning før eg skal heim og sy rodlepylsene.
Blei kjempe god denna kaka kjem absolutt te å lage den fleire gonger. 😊


søndag 27. november 2016

Julegaver 😊

Då var det første søndag i advent og jula nærmer seg fort. Skal lage noen julegaver til venninner og det er vel på høg tid å begynne.  Blei ei ekstra nattevakt på meg i dag og då er det veldig greit å ha noe mellom fingrane i rolige stunder 😊 Har ikkje strikka på lenge så det var artig og få begynt igjen. Skal lage ull hua med Marius mønster. Grunnfargen blir svart og så blir det grønt i første mønster og mørke lilla i resten av mønsteret. Veit ikkje heilt korleis det blir, men får berre prøva meg fram 🖒





torsdag 10. november 2016

Filet av ørret på røyking 😊

Har i dag fyrt i røykehuset og testa korleis det fungerte. Har røykt med or klosser og synst det gjekk so som so. Blir artig og smake på ørreten som har lagt i 7 timer 😊 Men eg trur me skal prøve og røyke på litt mindre minus grader og helst opp mot pluss grader. Har vert -10 her i dag og inne i røykehuset holdt temperaturen seg på +7. Men for å vera fyste gong me prøver så synst eg me klarte oss bra 😊 No er det å slenge seg ned på sofan og se Frikjent
O

søndag 6. november 2016

Prøve fisk 🐟🐟
Har i dag filitert min første fisk. Med eit heller dårlig resultat 😂 men fekk 2 brukandes fileter til slutt. Dette er heilt utenfor min komfort sone, men har bestemt meg at eg skal prøve å lage røyka ørret heime istedenfor å kjøpe den i butikken so då må ein berre prøve. Øving gjør mester seies det, så me får no berre håpa at det stemmer 🖒 Ørreten er no lagt til tørrsalting og eg håper det blir noko lunde brukbart resultat til slutt. Har bygd røykeri med far min i helga så noe skal me vel få til.
Lite mobilt røykeri. 😊