Døgnet har ikkje nok timar. Synest denna dagen har føke avgårde. Fyst var det møte på jobb so heim og hyva i seg noe middag. Og so måtte eg sy rodlepylse. Blei 12 stk i dag so no skal eg no ha ei stund 😂
Masse svangar 😊 Blei ein del avskjær på desse då det var ein god del eitlar på dei.
So var det over te neste prosjekt og det var å beine ut 16 kilo med ribba
SÃ¥ skulle kvar og ein gnis inn med sukker
Før dei blei lagt på salt og skal stå nokke døgn.
So no er det berre å vente te da begynne å verta ferdig salta. Rodlepylsene skal berre ligga 1 døgn då dei ikkje er so store. Gløymte jo selfølgelig å ta bilde av dei når eg va ferdig med å sy. So må eg få røykt dei i helga. Var på besøk te ei venninna av meg i kveld og ho fekk smaks prøve av heime røyka ørret og heimelaga rodlepylsa. So no har ho lagt inn bestilling på røkt ørret 😊 Synest det er kjekt at det fell i smak og at det er godt. Er jo ein heilt ny hobby detta, men ser da no at det er noko som eg kjem te å driva litt med framøve 😊😊